速報APP / 遊戲 / På sporet ABC (NN)

På sporet ABC (NN)

價格:免費

更新日期:2018-09-20

檔案大小:23M

目前版本:1.0.3

版本需求:Android 4.0 以上版本

官方網站:http://www.uis.no/nettop

Email:itunes@uis.no

聯絡地址:4036 Stavanger, Norway

På sporet ABC (NN)(圖1)-速報App

På sporet-appen er utvikla for å fremje bokstavkunnskap, fonemisk medvit, lese- og staveferdigheit. Appen passar for elevar som er i ferd med å lære seg å lese på nynorsk.

På sporet-appen er utvikla i forskingsprosjektet På sporet ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) ved Universitetet i Stavanger, i samarbeid med NettOpp UiS. På sporet-prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd, Utdanningsdirektoratet og Lesesenteret.

På sporet ABC (NN)(圖2)-速報App

Appen har talestøtte. Når eleven trykker på ein bokstav eller eit bilete, får ho/han høyre bokstavlyden eller namnet på biletet/objektet. Eleven bør bruke øyretelefonar for å høyre lyden best mogleg og for å halde på konsentrasjonen.

På sporet-appen inneheld 5 små spel:

På sporet ABC (NN)(圖3)-速報App

1 Bokstavmemory (kopling av stor og liten bokstav)

2 Finne ting som byrjar med ein bestemt bokstav

På sporet ABC (NN)(圖4)-速報App

3 Kople bokstav og bokstavlyd

4 Skrive/stave ord

På sporet ABC (NN)(圖5)-速報App

5 Lese ord

Spela bokstavmemory, skrive ord og lese ord har oppgåver fordelt på tre nivå. På sporet-appen bør brukast i korte økter på inntil 10 minutt, gjerne fleire gonger i veka. Det kan vere lurt at eleven vel seg eit nivå i to eller tre spel kvar gong, og at speletida blir fordelt mellom desse.

På sporet ABC (NN)(圖6)-速報App